Song - kveding

 

Halvor Håkanes starta med tradisjonell folkesong i Setesdal der han gjekk i sølv-
smedlære, men syng i dag i Telemarktradisjon. Men det var i Setesdal han blei bevisst si interesse for kveding. Der lærte han å lytte, og å ta opp element frå andre distrikt.

Halvor Håkanes har vore tilknytta Ole Bull-akademiet på Voss og Høgskolen i Telemark som lærar, og underviser ofte på seminar og festivalar. Halvor har vun-
ne landskappleiken to gonger og medverka på festivalar i heile Europa og USA.

Han har turnert for Rikskonsertene,Turnéorganisasjonen i Hedmark, Folkeakade-
miene og Telemarkskonsertar med kvelds- og skulekonsertar.

I 1992 kom CD'en "Eg heiter Halvor". I 1993 hadde Halvor Håkanes hovudrolla i Hedemarks Teaters oppsetning av "Soli Deo Gloria". Han var også med på urframføringa av Egil Hovlands "Eit knippe Vinje-tonar" hausten 1993.

Halvor var med på ein versjon av Draumkvedet og turnerte med dette 1992 -95. Dette kom ut på CD i 1995.

Knut Reiersrud hadde Halvor med seg i sitt tingingsverk til Hardingtonar i 1995. På Vossajazz 1996 var han med på tingingsverket "Energivar" av Gabriel Fliflet og Ole Hamre.

I 1995 blei "Det syng" med Agnes Buen Garnås, Anne Marit Jacobsen, Sinikka Langeland, Eli Storbekken og Halvor Håkanes sendt på turné av Norsk Musikant-
bruk. Det blei fleire turnéar og enkeltkonsertar og også ei vekes framsyning på Nationaltheateret. "Det syng" blei gjeve ut på CD i 1997.

Sammen med Eilert Hægeland var han på kyrkjekonsertturné i 1997 og hadde også profane program. Organist Kåre Nordstoga laget et nytt arrangement av "Draumkvedet" i 1997 for sang, fiolin og orgel. Med dette turnerte Halvor i Norge, Island og USA.

I 2000 fekk Halvor i oppdrag å lage eit program som ei markering av tusenårs-
skiftet til Mæl kyrkje i Tinn. Saman med Per Sæmund Bjørkum og Kåre Nordstoga blei konserten "I all sin glans nu stråler solen" framført i mars 2000. Dei to nemde var også med på ein turné 2001 med viser og vers, folkemusikk i nye arrange-
ment.

Frå 2000 har Halvor Håkanes hatt enkeltkonsertar og turnéar med programmet "Kvedar", ei videreføring av "Det syng", om den nordiske balladetradisjonen. Dei medverkande i "Kvedar": Agnes Buen Garnås, Aiva Insulander, Marianne Maans, Cathrine Smith, Eli Storbekken, Geirr Lystrup og Halvor Håkanes. I tillegg var Gisli Helgason med på Island og Nolsoyar Dansifelag med på Færøyene. "Kvedar" held stadig konsertar.

I 2001 var Halvor med på Forfattardagar i Lom med programmet "La Luna Asoma - Månen tittar fram". Tekster av Tor Jonsson og Federico Garcia Lorca. Musikk av Geir Løvold. Medvedkande: Geir Løvold, tuba; Per Chr. Revholt, piano og Halvor Håkanes. Dett programmet var på turné i Hedmark 2002.

Halvor Håkanes har også hatt fleire enkeltkonsertar saman med organist Knut Arne Snøås i kyrkjer i Telemark i 2001 og 2002.

Solist i "Marispelet" i Tinn sidan starten i 2005.

 

Diskografi:

Eg heiter Halvor

Buen kulturverksted

1992

Draumkvedet

Heilo

1995

Det syng

Grappa

1997

 

www.halvorhaakanes.no